Unntak frå fråværsreglane gjeld ut september

Mellombelse reglar om fråværsføring og dokumentasjon av fråvær skal gjelde frå skolestart og ut september 2021. 

Skriv ut

Unntak frå fråværsregelverket er følgjande:

Elevar som har fråvær av helsegrunner, skal sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Unntaket frå regelverket gjeld ut september 2021. Elevar under 18 år må likevel legge fram stadfesting frå ein føresett medan myndige elevar kan legge fram eigenmelding.

Fråvær av helsegrunner omfattar alt helserelatert fråvær, mellom anna sjukdom og skade, karantene eller isolasjon, samt milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle.

Dersom eleven legg frem stadfesting frå ein føresett eller eigenmelding, skal fråværet:

  • ikkje bli ført som fråvær på elevane sitt vitnemål og kompetansebevis
  • bli unntatt fråværsgrensa

Unntak frå fråværsreglane som gjeld ut september 2021

Fråværsreglementet finn du her